Velkommen til Moster – eit unikt bumiljø på Bømlo

Moster er ein av dei mest særprega og attraktive stadene på Bømlo – ein perle midt i den vakre vestnorske skjergarden. Her får du bu tett på sjøen, omgitt av holmar, viker og idylliske bukter som innbyr til båtliv, bading og opplevingar året rundt. Røyksundkanalen, som snor seg gjennom landskapet, er hjartet i området for båtliv og sjøaktivitet, og gir ein unik naturoppleving midt i skjergarden.

Samtidig er Moster meir enn natur og kystlandskap. Dette er eit levande og driftig lokalsamfunn med stolte tradisjonar, gode tilbod og engasjerte folk. Moster har ei rik historie – her finn vi spor tilbake til vikingtida, og området er kjend som eit av dei viktigaste kristningsstadene i Noreg. På Moster finn du blant anna Moster Amfi, ein heilt spesiell kulturarena som er kjend langt utover kommunegrensene, og som gjev bygda eit rikt kulturliv og sterke møteplassar.

Her bur du i fredfulle omgjevnader, men med kort veg til det du treng i kvardagen. Til Heiane på Stord – regionens største handels- og servicetilbod – køyrer du på under ein halvtime. Dermed får du ein perfekt kombinasjon av roen ved sjøen og nærleiken til eit breitt utval av butikkar, arbeidsplassar og servicetenester.

Moster er staden for deg som vil leve tett på naturen og historie, i eit sterkt fellesskap – utan å gi slepp på enkel tilgang til bynære tilbod.

Visninger

Visning etter avtale

Kontakt oss

Anders Titland

Anders Titland

Seljar

VALVATNE BYGG AS

Meld interesse