Valvatne Bygg presenterer to moderne bustader i rekke på Dalanset, Moster. Her kan du bu avdragsfritt inntil 8 år!
No kan du sikre deg ein lekker bustad med effektiv planløysing, 3 soverom og eit moderne garasjeanlegg.
Med låge bukostnader kan du bu med sjøen som næraste nabo, du har moglegheit for båtplass, og eit levande nabolag med folk i alle aldrar!
Bustadene er 80 % Husbankfinansiert, og fram til 31.12.25 kan me tilby ei unik finansieringsløysing; eit avdragsfritt lån i inntil 8 år, noko som gjer det enklare enn nokon gong å kome seg inn på bustadmarknaden!
For å hjelpe deg på vegen, har me sett opp eit reknestykke på kva denne bustaden vil koste deg pr månad:
Pris: kr 4 790 000 (eks. omkostningar)
Månadlege rentekostnader: kr 10 700
Felleskostnader: kr 1 529
+kommunale avgifter
*forutsetter 20 % eigenkapital
Dette betyr at du kan bu nytt, komfortabelt og moderne – utan at økonomien vert for stram.
Bustadene går over to plan og har ei funksjonell og gjennomtenkt planløysing med livsløpsstandard. Her får du tre soverom, to bad, open stove- og kjøkkenløysing samt ei triveleg loftstove.
Himlinga i 2. etasje gir ei luftig romkjensle, medan store vindaugsflater i stove og kjøkken slepp inn rikeleg med dagslys og gir bustaden eit moderne preg.
Det er sett av plass til platting eller terrasse på bakkeplan – perfekt for lune sommarkveldar. Som tilval kan du òg få uteplass i 2. etasje, ved å etablere terrasse på overbygget som ligg over inngangspartiet.
Den moderne og stilreine arkitekturen glir naturleg inn i det maritime miljøet, og materialval og detaljar er nøye gjennomtenkt for å skape eit heilskapleg uttrykk.
Bustadene vert levert med jamt god standard (sjå eiga romskjema og leveransebeskriving).
Kjøkken og baderomsinnreiing kjem frå kvalitetsleverandøren Sigdal, levert av Stord Kjøkkensenter, og komplett sett med kvitevarer er inkludert.
Det er varmekablar i heile 1. etasje, samt på bad i 2 etasje.
I prisen følgjer ein garasjeplass og sportsbod i eit moderne felles garasjeanlegg under bakken. Her er det også moglegheit for elbil-ladar.
I tillegg har kvar bueining sin eigen biloppstillingsplass utanfor bustaden.
For å hjelpe deg med materialval og fargeval, kan du som kunde velje mellom to ulike interiørpakkar for bustaden; natur og trend. I tillegg får du sjølvsagt høve til å setja ditt eige preg på bustaden gjennom eit utval av tilval og materialval.
Sjå prospektet for fleire detaljar kring denne bustaden.
Me tilbyr kundane våre eit val mellom to ulike interiørpakkar i dette prosjektet. Pakkane er utforma for å skape ein gjennomført og harmonisk heim, der fargar og materialval står i fin samklang. Slik får du ein heilskapleg stil med ein tydeleg raud tråd gjennom heile bustaden.
Som kunde får du òg tilgang til ein tilvalgsmodul der du kan gjere ynskjelege tilpassingar og endringar utover det som er inkludert i interiørpakkane.