Bustad A
Her kan du sikre deg ein lekker tomannsbustad med effektiv planløysing, 3 soverom og eit moderne garasjeanlegg - med sjøen rett utanfor døra!
Med låge bukostnader kan du bu med sjøen som næraste nabo, du har moglegheit for båtplass, og eit levande nabolag med folk i alle aldrar!
Vær rask; dersom du signerer før 31.12.25, kan du også bu avdragsfritt i inntil 8 år!
For å hjelpe deg på vegen, har me sett opp eit reknestykke på kva denne bustaden vil koste deg pr månad:
Pris: kr 4 790 000 (eks. omkostningar)
Månadlege rentekostnader: kr 10 700
Felleskostnader: kr 1 529
+kommunale avgifter
*forutsetter 20 % eigenkapital
Dette betyr at du kan bu nytt, komfortabelt og moderne – utan at økonomien vert for stram.
Bustadene går over to plan og har ei funksjonell og gjennomtenkt planløysing med livsløpsstandard. Her får du tre soverom, to bad, open stove- og kjøkkenløysing samt ei triveleg loftstove. Himlinga i 2. etasje gir ei luftig romkjensle, medan store vindaugsflater i stove og kjøkken slepp inn rikeleg med dagslys og gir bustaden eit moderne preg.
Det er sett av plass til platting eller terrasse på bakkeplan – perfekt for lune sommarkveldar. Som tilval kan du òg få uteplass i 2. etasje, ved å etablere terrasse på overbygget som ligg over inngangspartiet.
Den moderne og stilreine arkitekturen glir naturleg inn i det maritime miljøet, og materialval og detaljar er nøye gjennomtenkt for å skapa eit heilskapleg uttrykk.
Bustadene vert levert med jamt god standard (sjå prospekt for meir informasjon). Kjøkken og baderomsinnreiing kjem frå kvalitetsleverandøren Sigdal, levert av Stord Kjøkkensenter, og komplett sett med kvitevarer er inkludert. Det er varmekablar i heile 1. etasje, samt bad i 2. etasje.
I prisen er det inkludert ein garasjeplass med moglegheit for elbilladar i eit moderne, felles garasjeanlegg under bakken. Du får òg din eigen sportsbod. I tillegg har kvar bueining sin eigen biloppstillingsplass rett utanfor.
Som kjøpar får du sjølvsagt høve til å setja ditt eige preg på bustaden gjennom eit utval av tilval og materialval.
Sjå vedlagte interiørbilder frå tilsvarande bustad i feltet med same planløysing. Me gjer oppmerksam på at dette er ilustrasjonsbilder, då kunden har gjort diverse oppgraderingar utover standard.